Regjeringa vernar 22 nye skogområde

Regjeringa har vedteke å verne 22 skogområde i åtte fylke. Vernet gjeld område som er viktige for mange trua artar.
innenriks

Vernet omfattar eit skogareal på om lag 113 kvadratkilometer, og om lag 47 kvadratkilometer produktiv skog. Dei 22 skogområda som blir verna ligg i fylka Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Østfold og Hedmark.

Områda er utelukkande privateigde. Eigarane har tilbode vern mot erstatning frå staten.

– Det er veldig flott at mange private skogeigarar tilbyr frivillige vern av skog med viktige verneverdiar. Utan innsatsen deira hadde ikkje det ikkje vore mogleg å få til så mykje skogvern som vi no har klart, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Ifølgje regjeringa har om lag 470 skogområde vorte verna som følgje av samarbeidet mellom miljøstyresmakter og skogeigarorganisasjonane om frivillig vern.

Regjeringa har eit langsiktig mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Noreg.

Det er så langt verna om lag 3,4 prosent av den produktive skogen, og rundt 4,7 prosent av det samla skogarealet.

(©NPK)