Riksadvokat beordrar politietterforsking etter jordras på Osterøy

Riksadvokaten beordrar ny politietterforsking eitt år etter at eit jordskred trefte eit bustadhus på Osterøy i Hordaland slik at ei kvinne døydde.
innenriks

Føremålet med etterforskinga skal vere å avklare om kommunen hadde gjort seg skuldig i straffbare forhold i samband med skredet, skriv Bergens Tidende.

Kristine Anette Andersen (38) mista livet då jordskredet brasa inn i bustaden på Votlo 7. desember i fjor. Fleire av naboane har meint at arbeid kommunen har gjort i og ved skråninga kan ha medverka til at skredet vart utløyst.

Vest politidistrikt la opphavleg vekk saka om skredet. Bistandsadvokat Ingrid Aksnes, som representerer familien til avdøde, klaga avgjerda til Riksadvokaten.

Politiet held på å setje saman ei etterforskingsgruppe som skal sjå på saka.

Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll seier til Bergens Tidende at kommunen frå første dag har vore opptatt av å få fram mest mogleg kunnskap om årsaksforholda i saka.

(©NPK)