Sokken flytedokk skal ikkje reparerast

Flytedokka som sokk ved Ågotnes på Sotra i slutten av november, skal ikkje reparerast, har CCB vedteke.
innenriks

– Vi kjem ikkje til å heve ho for å reparere ho, seier CCB-sjef Kurt Rune Andreassen til Sysla.

Den historiske dokka sokk 26. november. Han var 106 år gammal, og CCB hadde brukt mellom 10 og 15 millionar kroner på å ruste den opp.

Årsaka til at dokka sokk er ikkje klarlagd. No ligg ho under vatn, og berre ei lita mast stikk opp over vassoverflata.

– Det blir mest sannsynleg heving og fjerning, seier Andreassen.

(©NPK)