TV 2 flyttar «Skavlan» til laurdag for å kapre sjåarar

TV 2 flyttar «Skavlan» frå fredag til laurdag. – Sjåartala denne hausten har ikkje vore tilfredsstillande, seier kanaldirektør Trygve Rønningen.
innenriks

– Vi har sett at tre talkshow på NRK og TV 2 på fredagskvelden blir eitt for mange. Derfor flyttar vi no programmet til laurdag kveld – til det beste for sjåarane, fortel kanaldirektør Trygve Rønningen i TV 2 i ei pressemelding fredag.

Ifølgje Nettavisen hadde programmet fredag 30. november berre 183.000 sjåarar, det dårlegaste til no. Til samanlikning så 698.000 «Lindmo» på NRK. På det aller meste har «Lindmo» hatt 821.000 sjåarar haust, mot 440.000 for «Skavlan».

Frå 12. januar

Fredrik Skavlans program har sesongpremiere på TV 2 laurdag 12. januar.

– Sjølv om «Skavlan» blir flytta til laurdagskvelden på lineær-TV, vil programmet framleis vere tilgjengeleg på TV 2 Sumo frå fredag ettermiddag, i tråd med den langsiktige digitale satsinga vår på programmet, seier Rønningen.

Den versjonen som blir sendt på TV 2 Sumo, er òg ein lengre versjon enn den som blir sendt på vanleg TV.

Tettpakka laurdagskveld

Med flyttinga vil laurdagskvelden på TV 2 bestå av «Hver gang vi møtes», «God kveld Norge» og «Skavlan», i tillegg til Nyhetene, Været og Sporten.

På fredagskveldane vil «The Voice» og «Senkveld med Helene og Stian» saman med Nyhetene, Været og Sporten fylle sendeskjemaet. Dei eksakte sendetidene for fredag og laurdag på TV 2 frå januar blir seinare avgjort.

(©NPK)