Alle dyra berga ut etter fjøsbrann i Verdal

Alle dei omkring 50 kyrne vart berga ut etter at eit fjøs byrja å brenne i Verdal i Trøndelag torsdag morgon.
innenriks

Då brannmannskapa kom fram, vart dei møtt av ein overtent bygning.

– Bonden og ein avløysar klarte utruleg nok å berge ut alle kyrne før brannvesenet kom staden. Det er ein fantastisk jobb dei har gjort, seier innsatsleiar Rune Reinsborg til Trønder-Avisa.

Politiet fekk melding om brannen klokka 6.23 torsdag morgon.

– Bygningen er overtent, og brannmannskapa konsentrerer seg om å berge nabohusa, sa operasjonsleiar Bjørn Handegard i Trøndelag politidistrikt til NTB torsdag morgon.

Lagerdelen i fjøset er brent ned.

(©NPK)