Sauebonde framfor Stortinget: – Vi er makteslause

Sauebønder frå heile landet har fått nok av rovdyrpolitikken til regjeringa. – Beitedyra blir drive frå skanse til skanse, seier Erling Semmingsen frå Hedmark.
innenriks

Semmingsen var ein av fleire tusen som møtte opp framfor Stortinget tysdag.

– Vi er makteslause i å gi dyra vern mot rovdyr, seier sauebonden.

Han slapp sjølv 440 sauer på beite i år. Normalt sender beitelaget han er del av ut 2.200 sauer, men dei heldt tilbake mange dyr på jorde og beredskapsområde. Av dei 1.150 sauene som vart sendt ut i utmark, vart likevel bortimot 400 teke, ifølgje Semmingsen.

– Beitedyra blir drive frå skanse til skanse. Det er stadig større trykk frå rovdyr, og særleg ulven. Vi har gjort masse tiltak, men likevel vart så mange tekne, seier Semmingsen.

Han peikar på at dette skjer trass i at han er i eit område som er prioritert for beitedyr.

– Vi som driv med beitedyr, held oss til reglane Stortinget har vedteke, men føler ikkje regjeringa gjer det. Rovdyrforliket går ut på at det skal vere 4–6 ynglingar i året, men i staden har regjeringa lagt opp til 10–11 ynglingar. Det blir ikkje haldbart, seier han.

Semmingsen peikar på at dei forvaltar ein over tusen år gammal tradisjon for matproduksjon.

(©NPK)