Evakuerte på Svalbard får flytte heim

Sysselmannen på Svalbard opphevar evakueringa, og over 100 personar kan no flytte tilbake til bustadene sine igjen.
innenriks

Sysselmannen på Svalbard hadde fredag møte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Skred AS, som har gjort undersøkingar i fjellsidene i dei evakuerte områda. Fredag klokka 15 vart evakueringa, ferdselsforbodet og opphaldsforbodet oppheva.

– NVE har i dag rådført seg med Meteorologisk institutt og har òg hatt mannskap ute i terrenget for å vurdere skredsituasjonen. Funna tilseier at det er mogleg å oppheve evakueringa og restriksjonane som vart innført denne veka i område på oversida av husa i Lia og frå skulen til Nybyen allereie i dag, opplyser sysselmann Kjerstin Askholt.

Farevarselet er avslutta i både Nordland og på Svalbard etter at fleire stader opplevde svært kraftige vindkast i tillegg til stor snøskredfare.

Stormsenteret som har gitt svært kraftig vind i kasta aust på Nordenskiöld Land på Spitsbergen, rørte seg fredag sørover og slo seg saman med stormsenteret utanfor Nord-Noreg. Fredag ettermiddag hadde likevel vinden stilna, og farevarselet frå Meteorologisk institutt om svært kraftige vindkast både i Nordland og på Svalbard vart avslutta.

På det meste vart det målt vindkast på 46,6 meter per sekund på Svalbard, og nesten heile Longyearbyen var stengd torsdag på grunn av det ufyselege vêret. Fredag vart alle tenestetilbod opna igjen.

Fram til vinden minka fredag ettermiddag, var det full storm og svært kraftige vindkast fleire stader i Nordland. Den sterkaste vindobservasjonen vart gjord på Våtvikfjellet i Gildeskål med heile 58,2 meter per sekund. På Tverrfjellet var sterkaste vindkast oppe i 51,1 sekundmeter.

Uvêret førte til at mange ferjesamband måtte innstillast, og fleire vegar vart stengde. Bussar og bilar vart regelrett blåse av vegen fleire stader. Småbåthamna i Bodø vart vedteken stengd frå midnatt natt til fredag. Her måtte ein mann hentast av redningsskøyta etter at han vart ståande stranda på ei flytebryggje etter at ei gangbru fall ned torsdag kveld.


(©NPK)