Nok eit rakfiskparti blir trekt tilbake – mistanke om botulisme

Ein person frå Trøndelag har fått botulisme, og Mattilsynet mistenkjer at årsaka er rakfisk. Eit parti rakfisk er derfor trekt tilbake frå marknaden.
innenriks

Nyheita kjem dagen etter at eit parti rakfisk frå Slidre Ørretsenter AS vart trekt tilbake etter at 13 personar hadde fått påvist listeriose.

Det nye partiet som blir trekt tilbake, kjem frå Torpet Fiskeoppdrettsanlegg AS. Det er selt via mobilt sal på ulike marknader og messer i Trøndelag, og dessutan via faste køyreruter med direkte utlevering.

Rakfisken er i tillegg seld via Coop-butikkar på Ålen, Brekken, Røros og Os.

Botulisme blir av Norsk Helseinformatikk skildra som ei potensielt alvorleg forgifting forårsaka av eit toksin produsert av botulinum-bakterien. Dei viktigaste smittekjeldene er rakfisk og spekemat, eller sårinfeksjon hos injiserande misbrukarar.

(©NPK)