Carsten Jensen får Bjørnsonprisen 2019

Den danske forfattaren Carsten Jensen er tildelt Bjørnsonprisen 2019. Prisen blir for delt ut under opningsframsyninga for Norsk Litteraturfestival.
innenriks

Jensen har sidan 1981 gitt ut ei rekke romanar, essays og artiklar, og dessutan forteljingar om dei mange reisene sine verda rundt.

Det store gjennombrotet kom med reisebøkene «Jeg har sett verden begynne» (1996) og «Jeg har hørt et stjerneskudd» (1997). Romanen «Vi, de druknede» (2006) er gitt ut i meir enn 20 land og selde i over ein halv million eksemplar.

– Det er krevjande både å vidareutvikle eit omfattande og spennande forfattarskap og samtidig stå i samfunnsdebatten om viktige spørsmål. Årets vinnar av Bjønsonprisen maktar dette, seier leiar Kristenn Einarsson i Bjørnsonakademiet.

Prisen blir delt ut i samband med opningsframsyninga for Norsk Litteraturfestival tysdag 21. mai.

(©NPK)