EOS-utvalet kritisk til forslag om ny e-tenestelov

EOS-utvalet skriv i eit høyringssvar at forslaget til ny lov om Etterretningstenesta ikkje løyser uklarleikar om tenesta si overvaking av personar i Noreg.
innenriks

I fråsegna si peikar utvalet òg på at lovforslaget inneber at E-tenesta vil få utvida fullmakter. Vidare saknar utvalet ei nærare utgreiing av kva for ein internkontroll som blir forventa av E-tenesta.

– Dei fire ekstra årsverka som Forsvarsdepartementet meiner vil vere nok for å vareta den nye kontrolloppgåva av tilrettelagt innhenting, meiner vi er for lite. Om vi ikkje får nok ressursar, vil det kunne føre til ein risiko for redusert kapasitet til å kontrollere dei andre EOS-tenestene og andre sider ved verksemd til E-tenesta. Det kan òg vere grunn til å gjere ein meir overordna gjennomgang av kontrollmodellen, skriv utvalet.

EOS-utvalet viser til at det har ein høg terskel for å gi frå seg høyringssvar og understrekar at mandatet deira ikkje inneber å meine noko om kva for overvakingsmetodar Stortinget som lovgivar skal gi E-tenesta.

Likevel peikar utvalet på at forslaget til ny e-lov grip direkte inn i kontrollen deira. I tillegg ser utvalet konsekvensar av forslaget som Stortinget bør få vite om før det behandlar eit lovforslag.

EOS-utvalet er utnemnt av Stortinget for å føre kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste som blir utøvd av eller på vegner av offentlege styresmakter. Utvalet arbeider uavhengig av Stortinget og leverer kvart år ei ugradert melding til Stortinget om verksemda i året som gjekk.

(©NPK)