F35-kontraktar til norsk forsvarsindustri

Amerikanske styresmakter har tildelt Kongsberg Defence & Aerospace og AIM Norway kontraktar på vedlikehald av komponentar til F35-flya.
innenriks

Kontraktane vil starte i 2021, opplyser administrerande direktør Eirik Lie i Kongsberg Defence & Aerospace.

– Denne tildelinga av vedlikehaldsoppdrag representerer ei viktig posisjonering for framtidig vedlikehald av F35. Det betyr at vi blir ein del av det europeiske og globale nettverket for støtte til F35 flya, seier han.

Ifølgje statssekretær Tone Skogen i Forsvarsdepartementet har regjeringa arbeidd målretta for at norsk industri skal vinne fram i konkurransen om kontraktar som understøtter F35 sine våpensystem.

– Det er gledeleg at norsk industri har vist seg konkurransedyktig òg når det gjeld vedlikehaldsoppdrag til dei nye kampflya våre, seier ho.

(©NPK)