Nesten halvparten av brannutrykkingane i 2018 var til ein komfyr

45 prosent av dei 3.547 brannutrykkingane brann- og redningsvesenet hadde i fjor, var på grunn av komfyren.
innenriks

Oslo var den byen med flest komfyrbrannar i 2018 med 671, følgd av Bergen med 192, opplyser Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og rammar eldre menneske, men det er brannar som startar om natta, som tek flest liv. Då er det gjerne yngre menneske som gløymer eller sovnar frå komfyren, seier DSB-direktør Cecilie Daae.

Dei fleste komfyrbrannane kjem av aktløyse og ikkje tekniske feil ved produktet, ifølgje DSB.

– Risikoutsette grupper kan vere vanskelege å nå. Derfor er vi avhengige av at pårørande tar eit ekstra ansvar. Ein komfyrvakt er kanskje den beste gåva du kan gi til foreldra dine eller besteforeldre, seier Daae.

Ein komfyrvakt kan kutte straumen til komfyren når det er fare for brann og kan med den redde heimen frå å gå opp i røyk.

(©NPK)