Opnar for gaupejakt i Aust-Agder og Telemark

Det er opna for kvotejakt på gaupe igjen i eit avgrensa område som omfattar Åmli kommune i Aust-Agder og sju kommunar i Telemark.
innenriks

Det skriv Fylkesmannen i Agder på heimesidene sine. Kvoten er på fem dyr, eitt av dei er eit vakse hodyr.

Kvotejakta på gaupe i 2019 vart stansa i byrjinga av februar etter at kvotane var fylte i alle jaktområda. Det er no opna for kvotejakt på gaupe i eit nytt og avgrensa jaktområde frå og med 9. februar.

Jaktområdet består av kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke, Nissedal, Fyresdal, Drangedal og Vinje i Telemark og Åmli i Aust-Agder.

Minst 15 gauper er skotne sidan kvotejakta byrja 1. februar. Det viser tal frå Miljødirektoratets rovbase søndag. Gaupene er skotne i ti ulike kommunar, skriv Nationen.

Det er ikkje opna for kvotejakt i dei tre nordlegaste fylka og heller ikkje i Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold. I resten av landet er det opna for jakt.

(©NPK)