Opptur for andre dag på rad på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs la på seg 1,35 prosent til 847,53 poeng tysdag. Dermed har indeksen gått opp 2 prosent denne veka.
innenriks

Det vart omsett aksjar og eigenkapitalbevis for 4,3 milliardar kroner tysdag.

Equinor var mest omsett, nesten 500 millionar kroner, og kursen steig med 2,1 prosent til 198 kroner. Vinnar blant dei mest omsette var Aker BP der kursen gjekk opp 5,6 prosent. Subsea 7 følgde etter med ein oppgang på 4,4 prosent.

Elles var DNB, Telenor og Yara med på oppturen med ein kursauke på høvesvis 2, 3, 1,9 og 1,4 prosent.

Taparane var John Fredriksens sjømatselskap Mowi som fall 1,9 prosent, og Norsk Hydro som fall 1,1 prosent.

Ved børsane i Frankfurt og Paris var bildet òg positivt. DAX 30 i Frankfurt steig 1,2 prosent, CAC 40 i Paris auka 1,1 prosent, mens FTSE 100 i London gjekk opp 0,1 prosent.

På dei amerikanske børsane starta handelen på tysdag med ein oppgang på Nasdaq på 1,4 prosent, mens Dow Jones auka med 1,2 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 62,7 dollar på spotmarknaden då børsen stengde tysdag. Det er halvannan dollar meir enn måndag ettermiddag. Amerikansk lettolje vart selt for 53,3 dollar fatet, 1 dollar og 80 cent meir enn måndag ettermiddag.

(©NPK)