Per Sandberg er klar for business

Karantenetida er over for Frp sin tidlegare nestleiar Per Sandberg. No skal han registrere seg som arbeidsledig – og for alvor ta fatt på gründerplanane.
innenriks

– Onsdag er eg per definisjon arbeidsledig. Då skal eg registrere meg hos Nav, på lik linje med alle andre i same situasjon, seier han til NTB.

I seks månader har Sandberg gått på etterlønn frå regjeringa, etter at han trekte seg som fiskeriminister i august. I same periode har han vore pålagd ein karantene som forbyr han å drive næringsverksemd.

– Fleire tilbod

Onsdag går karantenen ut, og Sandberg står fritt til å gå i gang med sine varsla businessplanar.

– Eg har fått ei rekke interessante tilbod, både frå norsk næringsliv og frå utlandet. No skal eg vurdere dei, sortere dei og følgje dei opp. Eg skal prøve å skaffe meg noko å leve av, seier Sandberg.

Karantenetida har ikkje vore heilt utan kontroversar. I haust drog Sandberg på ein tur til Iran der han mellom anna møtte representantar frå styresmaktene. Som følgje av dette slo Karantenenemnda fast at han hadde brote karantenen, og understreka i eit brev at han ikkje kunne drive «noka form for næringsverksemd».

– Enormt potensial

Førebels er Sandberg tilbakehalden om kva for konkrete planar han har, men han bekreftar at handel med Iran står på blokka.

– Inntrykket mitt av potensialet i dette er forsterka. Det gjeld ikkje berre Iran, men òg andre regionar, som Sentral-Asia og Afrika. Potensialet er enormt, seier den tidlegare Frp-politikaren.

Sandberg og sambuaren Bahareh Letnes har saman stifta eit aksjeselskap. I tillegg har dei kvart sitt enkeltpersonføretak.

– Framover no finst det ikkje ein einaste fridag. Både Bahareh og eg har mykje å drive med, seier Sandberg.

I eit brev til Statsministerens kontor har den tidlegare statsråden rapportert om tre betalte foredrag i karantenetida, på til saman 13.500 kroner. Dette har vorte avkorta frå etterløna.

Ikkje imponert

I tillegg til pålegget om å halde seg borte frå næringsverksemd har Sandberg for første gong sidan 1987 har gått seks månader utan eit einaste politisk verv.

– Saknar du politikken?

– Ikkje heile tida, men nokre gonger. Det er interessant å sjå politikken utanfrå og observere kva for feil og prioriteringar dei gjer, seier Sandberg.

Han saknar eit tydeleg «retningsval» frå den nye fleirtalsregjeringa og etterlyser ein vilje til å ta upopulære avgjerder.

Under regjeringsforhandlingane meiner han at «småsaker» fekk altfor mykje merksemd, og trekker fram abortlovgiving og barnetrygd som døme på dette.

– Det som trengst, er å slanke offentleg sektor kraftig og redusere skattar og avgifter kraftig, meiner Sandberg.

(©NPK)