Solberg kallar Wara-truslar urovekkjande

Statsminister Erna Solberg (H) ser alvorleg på hendingane utanfor bustaden til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) og kallar dei urovekkjande.
innenriks

Politiets bombegruppe rykte måndag kveld ut til Wara sin bustad etter funn av ein mistenkjeleg gjenstand. Ein time etter at meldinga om funnet kom inn til politiet, konkluderte bombegruppa med at gjenstanden var ufarleg. Dette var den tredje trusselhendinga knytt til Wara og familien hans på ganske kort tid.

– Dette er signal som er urovekkjande. No veit vi ikkje kven som gjer dette, eller kva som er årsaka, men det blir opplevd som at ein framståande politikar blir pressa og skal oppleve ubehag og vanskar. Sånn skal det ikkje vere i norsk politikk, seier Solberg til TV 2.

Solberg fryktar det blir færre som ønsker verv i norsk politikk som følgje av slike hendingar.

– Det er alvorleg. Konsekvensen er jo at folk blir reddare for å ta på seg folkevalde verv, seier statsministeren.

Regjeringa har snakka saman om situasjonen.

– Vi har snakka om det i regjeringa for å høyre korleis det går. Han er ved godt mot og lèt seg ikkje presse, men det er klart at for alle oss som er politikarar, så opplever me det som rører familien ​alltid vanskeleg. Det er viktig at politiet prøver å finne ut av dette. Vi skal ikkje ha eit land der politikarar blir pressa eller utsett for hærverk, seier Solberg.

(©NPK)