Tørkesommar gav importrekord i 2018

Aldri før har det vorte importert meir høy og halm enn i 2018, og i år har dei tollfrie høykvotane gått unna i rekordfart til rekordhøg pris.
innenriks

Den rekordvarme sommaren i fjor skapte problem særleg for bønder i Sør-Noreg, der fleire såg seg nøydde til å slakte dyra sine på grunn av tørke, avlingssvikt og mangel på fôr.

Per 1. januar 2019 hadde Landbruksdirektoratet mottatt 14.950 søknader om erstatning etter klimarelaterte skadar og tap, og utbetalt heile 1,6 milliardar kroner til bønder som vart ramma av tørka i fjor. Avlingssvikten var størst for grovfôr til husdyr, og det var verst i Oppland, Akershus, Buskerud, Østfold og Hedmark.

I samråd med Landbruksdirektoratet, bønder og Mattilsynet opna regjeringa 13. juni for tollfri import av høy for å bøte på fôrkrisen. Dette vart truleg redninga for mange dyr då dei norske kornavlingane svikta.

Tollfritaket heldt fram ut året, og i 2018 importerte norske bønder over 100 millionar kilo høy og halm. Det er nesten fire gonger så mykje som normalen dei siste sju åra.



(©NPK)