Faren over etter brann i Oslo

Etter at politiet fredag morgon skaut hol i fleire gassflasker, kunne eksplosjonsfaren avblåsast og vegar blir opna etter ein brann på Frogner i Oslo.
innenriks

Meldinga om brannen kom klokka 3.24. Rundt klokka 4.18 var brannen på byggeplassen mellom Frogner stadion og ei tennisbane sløkt.

Det var på anleggsplassen til det som skal bli den nye ishallen ved Frogner stadion det braut ut brann. På byggeplassen stod det til saman ni flasker med gass og som vart eksponerte for varmen frå brannen.

– Det er stor eksplosjonsfare når slike flasker er i varme og trykk, sa operasjonsleiar Line Skott i Oslo politidistrikt til NTB.

Måtte kjølast ned

Ingen bebuarar i nærleiken måtte evakuerast, men trafikken vart stansa heilt i fleire gater rundt anlegget, mellom dei den sterkt trafikkerte Kirkeveien, på grunn av eksplosjonsfaren. Også fleire gang- og sykkelstiar inne i Frognerparken måtte stengast.

Først ved 6-.30-tida fekk ein skarpskyttar frå politiet posisjonert seg slik at det var mogleg å skyte hol i gassflaskene. Ei av flaskene inneheldt oksygen og kunne ikkje skytast i, men måtte kjølast ned av brannvesenet til det ikkje lenger var fare for eksplosjon.

– Vi fekk akkurat melding om at denne siste flaska no er nedkjølt. Derfor vil vi opne sperringane igjen, seier operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth i Oslo politidistrikt til NTB klokka 7.30.

Brann for to veker sidan

28. februar brann det i bygningsmateriale på same stad.

– Vi tenker vårt, men det er politiet som tar den biten og som etterforskar det. Men det er jo spesielt, seier vaktkommandør Morten Bergh ved Oslo 110-sentral til NTB.

Etter førre brann gjekk 110-sentralen ut med ei oppfordring til byggeplassar om opprydding og sikker oppbevaring av gass.

– Det er klart at det ikkje har vorte gjort nok på denne byggeplassen. Dette blir endå ein jobb i etterkant for førebyggande avdeling, seier Bergh.



(©NPK)