Fleire hadde sosialhjelp som hovudinntekt i 2018

Det var rundt 4 prosent fleire som hadde sosialhjelp som hovudinntekt i fjor enn i 2017. Til saman fekk 140.000 nordmenn sosialhjelp.
innenriks

Talet på personar som har sosialhjelp som hovudinntekt, auka frå 57.000 i 2017 til 59.000 til 2018, skriv Kommunal Rapport, som viser til førebelse Kostra-tal.

Totalt fekk 140.000 nordmenn sosialhjelp i fjor. Det var ein auke på 3 prosent frå året før. Til samanlikning auka folketalet med 1 prosent.

Blant kommunane som hadde størst auke i talet på sosialhjelpsmottakarar, var kommunane Nittedal og Skedsmo i Akershus, skriv avisa.

Kristiansand kommune var blant kommunane som hadde størst nedgang i talet på sosialhjelpsmottakarar.

(©NPK)