Næringsministeren vil skrote brukthandellova

Vi må ha slutt på at ein må søke om løyve frå politiet for å selje brukte varer, seier Torbjørn Røe Isaksen (H). Han vil skrote heile brukthandellova.
innenriks

I eit engasjert innlegg på Høgre-landsmøtet på Gardermoen langa næringsministeren ut mot lover, forskrifter og skattar som stikk kjeppar i hjula for næringslivet. Ein av desse er brukthandellova, som regjeringa, ifølgje Røe-Isaksen, alt neste veke vil foreslå å skrote.

Sjølv om formålet med lova er å unngå sal av stolne varer, meiner næringsministeren ho gjer meir vondt enn godt.

– Lova stiller krav om at alle som ønsker å drive brukthandel i næringsverksemd må ha løyve frå politiet. Eg meiner politiet har betre ting å gjere enn å lese søknader om å få selje brukte anorakkar, sa han.

Han trekker fram Bergans som eit døme på ei bedrift som ville byrje med pant og gjenbruk av brukte klede, men som bestemte seg for å la vere etter at dei fann ut at dei måtte sende inn skriftleg søknad til politiet for kvar enkelt utsalsstad.

– Lova er frå den gongen netthandel var å handle nett. Men lova har levd i beste velgåande, sjølv om ikkje så mange av oss har høyrt om henne, sa næringsministeren.

Handelsorganisasjonen Virke har fleire gonger tatt til orde for å skrote brukthandellova, og er storfornøgd med at næringsministeren lyttar til dei.

– Kloden toler ikkje at vi bruker og kastar så mykje, og då er det openbert at eit lov som hindrar gjenbruk og ombruk må skrotast, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

(©NPK)