Snøkaos og vanskelege køyreforhold i vente i Sør-Noreg

Snøen skal lave ned fleire stader i Sør-Noreg laurdag kveld og søndag. Meteorologane har skrive ut farevarsel på gult nivå.
innenriks

Det er venta lokalt mykje snø i Oslo, Akershus, Østfold, Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder laurdag kveld og søndag.

Faren aukar frå klokka 19 i Agder laurdagskvelden, medan nedbøren i resten av fylka er venta først klokka 22. Lokalt blir det venta mellom 20–40 cm snø. Faren minkar frå klokka 19 søndag kveld.

Dei same fylka må samtidig innstille seg på vanskelege køyreforhold og lokale forseinkingar på grunn av snø, vind og temperaturar på rundt null grader.

(©NPK)