Solberg: Wara i permisjon på ubestemt tid

Statsminister Erna Solberg seier Tor Mikkel Wara er i permisjon på ubestemt tid og vil ikkje spekulere på om han har tillit til å halde fram som justisminister.
innenriks

– Vi må ha tid til å sjå på situasjonen. Det dreier seg om Tor Mikkel, utviklinga i saka og mange andre spørsmål knytte til det. Eg kan ikkje førehandskonkludere, seier Solberg (H) til NTB.

Vil det vere nok tillit til han i rolla hans?

– Det er jo blant dei tinga vi må vurdere når vi kjem tilbake til desse spørsmåla, kanskje når det blir meir klarleik rundt heile sakfeltet, seier Solberg til NTB.

Dale i to ministerpostar

Samferdselsminister Jon Georg Dale kjem til å fungere både som samferdselsminister og justis- og innvandringsminister den næraste tida.

Solberg er trygg på at han vil ta vare på justissektoren på ein god måte.

– Han har to svært gode statssekretærar i Justisdepartementet, som har vore der lenge. Det er god støtte i det apparatet som er der. Han er ein erfaren politikar som kan få arbeidet til å gå i desse tider. Over tid må vi sjå gjennom korleis saka blir, seier Solberg.

Vil ikkje beklage

Satsministeren har fått kritikk for utsegnene sine mot teateret som brukte bilde av heimen til Wara i framsyninga si. Solberg vart endå ein gong bedt om å kommentere dette i samband med siktinga mot Waras sambuar.

Ho står ved utsegna om at framsyninga var ein ekstrabelastning for Wara og familien hans.

Politikarar har òg rett til å ytre seg, ikkje berre kunstnarar, meiner Solberg.

– Eg spekulerer ikkje på nokon koplingar, men det er ei ekstrabelastning for ein familie når ei teaterframsyning går inn på det eg har kalla integritetssfæren til folk, seier statsministeren.

Ho møtte pressa fredag i forkant av Høgre-landsmøtet.

– Det kunne ha vore eit betre utgangspunkt, men dette landsmøtet er viktig for Høgre. Eg trur dette blir eit hyggeleg landsmøte, seier Solberg.

(©NPK)