Solberg varslar tøffare kamp mot gjengane

Styresmaktene må bli endå tøffare overfor dei mest hardbarka kriminelle gjengane viss dagens verkemiddel ikkje er nok til å nedkjempe dei, meiner Erna Solberg.
innenriks

– Vi kan ikkje, skal ikkje og vil ikkje akseptere at gjengar skal forme barn og oppvekstvilkåra til unge, sa Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg i talen sin til landsmøtet på Gardermoen fredag ettermiddag.

Ho viste til korleis gjengar i Oslo «skaper utryggleik og rekrutterer sårbare unge» og fryktar at smitteeffekten kan nå også andre byar.

Høgre-leiaren slo fast at «ein trygg oppvekst varer livet ut», og at det derfor er avgjerande at familiar som slit, får hjelp, og at barnevernet grip inn når det er nødvendig. Barn og unge skal ha eit breitt kultur- og aktivitetstilbod, og «dei som øydelegg barns moglegheiter til ein god oppvekst» skal kjempast mot.

– Kriminelle gjengar som rekrutterer barn til å gjere lovbrot, skal slåast hardt ned på. Vi kan ikkje vere naive. Viss verkemidla vi bruker, ikkje stansar dei mest hardbarka, så må vi ta i bruk tøffare verkemiddel og tenke nytt, sa ho.

(©NPK)