Viktig avtale om publisering av forskingsartiklar inngått med internasjonalt forlag

Norske forskingsinstitusjonar har inngått ein avtale med Wiley, eitt av dei største internasjonale akademiske forlaga, om open publisering av forskingssaker.
innenriks

Avtalen gir open publisering og samtidig tilgang til forskingsartiklar i rundt 1.500 tidsskrift. Samtidig forhandlar framleis dei norske institusjonane med to andre av dei største forlaga i verda.

– Dette viser at politikken for open tilgang til forsking er i ferd med bere frukter, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding. Ho viser til målet til regjeringa om at alle norske vitskaplege artiklar som er finansierte med offentlege midlar, skal vere ope tilgjengeleg innan 2024.

Nyheita om avtalen med Wiley kjem berre nokre få dagar etter at det vart klart at Direktoratet for felles IKT- og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit), ikkje forlenger avtalen sin med forlaget Elsevier, ein avtale som omfattar 2.400 tidsskrift, ifølgje Khrono

Institusjonane har forhandla om tilgang til tidsskrifta til dei fire største forlaga i verda sidan før jul. Unit er framleis i forhandlingar med forlaga Spring Nature og Taylor & Francis.

Mange tilsette ved universiteta og høgskulane er opptatt av desse tidsskriftforhandlingane, ettersom tidsskrifta er mykje brukte for å følgje med på nyare forsking.

(©NPK)