– Turistbussar får ikkje køyre i Oslo sentrum

Bymiljøetaten i Oslo kommune ber turistbussane halde seg utanfor Ring 1, med unntak av eit par gater bak Hamnelageret.
innenriks

Det kjem fram i ein ny brosjyre kalla «Anbefalt køyremønster for turistbussar i Oslo sentrum», først omtalt av Finansavisen.

Sertifisert Oslo-guide Tove Gjersrud er svært skeptisk til tiltaket.

– Vi skal køyre tunnelar. Eller er det meininga at ein skal køyre opp Ekeberg og sjå byen derfrå? Vi opplever ikkje at Oslo ønsker desse turistane velkommen, seier sertifisert Oslo-guide Tove Gjersrud til Finansavisen.

Ho står på Høgres liste i det kommande lokalvalet, men presiserer overfor avisa at ho uttaler seg som Oslo-guide i denne saka.

Får ikkje sett turistattraksjonar

Gjersrud seier tilrådinga til byrådet gjer at turistar ikkje får sett verken Stortinget, Kvadraturen, Rådhuset, Festninga, Karl Johans gate, Domkyrkja eller Nationaltheatret frå bussetet.

I brosjyren står det at det ikkje blir tilrådd å bruke sentrumsgatene innanfor Ring 1 til trafikk, på grunn av den tette kollektivtrafikken og det pågåande vegarbeidet. Dette omhandlar mellom anna Stortingsgata.

– Eg skjønner at ein ikkje skal vere i vegen for kollektivtrafikken. Men kva er ein buss om han ikkje er kollektivtrafikk, spør Gjersrud.

Utfordrar næringa

I ein e-post til Finansavisen skriv byrådssekretær Kari-Anne Isaksen (MDG) at byrådet er opptatt av at alle turistar i Oslo skal kunne komme seg raskt og enkelt fram.

Ein vekst i turistnæringa dei siste åra tyder ifølgje henne på at «det er lite som tyder på misnøye blant turistane, eller på at forholda er lagt dårleg til rette».

Isaksen utfordrar heller turistnæringa til å tenke nytt, og skriv at det blir stadig mindre plass i Oslo.

«Det er ikkje sikkert at store turistbussar er den mest effektive måten å frakte turistar på i framtida», skriv ho.

(©NPK)