Ankerkjettingen på Viking Sky måtte kappast

Då Viking Sky hadde fått start på den eine motoren slik at fartøyet igjen kunne gå for eiga maskin, sat det eine ankeret fast. Dermed måtte kjettingen kuttast.
innenriks

– Vekta av ankeret og kjettingen var for høg til at dei klarte å ta det inn, seier losoldermann Emil Heggelund i Møre og Trøndelag losoldermannskap til Bergens Tidende.

I 14-tida laurdag 23. mars sende cruiseskipet Viking Sky ut mayday-melding om motorstans på Hustadvika i Fræna kommune i Møre og Romsdal. Fartøyet hadde då to lósar om bord. Det var svært høge bølgjer og vind opp mot liten storm i området. Vêret var så ille at to redningsskøyter som skulle bidra, måtte snu av omsyn til eiga sikkerheit.

Problem med det eine ankeret

Få minutt etter motorstansen slapp kapteinen ut dei to ankera for å hindre skipet i å drive på land. Ankera heldt båten i ro cirka 100 meter frå dei næraste grunnane utanfor Hustad, og etter kvart klarte mannskapet om bord å få start på den eine hovudmotoren.

Slepebåtane som kom til prøvde fleire gonger å feste slep i cruiseskipet for at det ikkje skulle drive mot land igjen, dersom motorane igjen slutta å verke, men klarte det ikkje. Det var derfor kapteinen i samråd med lósane avgjorde å ta opp ankera ved 21.20-tida laurdag kveld for å setje kursen lenger mot havs. Det var då dei fekk problem med det eine ankeret.

– Ankerkjettingen hadde lagt seg over bulben på båten. Motstanden var rett og slett så stor at vinsjen ikkje klarte å dra det inn, seier Heggelund til avisa.

Dermed måtte den 270 meter lange ankerkjettingen kuttast. Ifølgje Heggelund skal det vere mogleg å finne ankeret igjen, då det vart registrert kvar dei kutta kjettingen.

– Forsvarleg seglas

Natt til søndag fungerte tre av fire motorar på cruiseskipet igjen. To ankerhandteringsfartøy slepte skipet mot Molde. Viking Sky la til kai i Molde klokka 16.20 søndag ettermiddag.

Heggelund seier til Bergens Tidende at han meiner dei to lósane om bord hadde tilstrekkeleg kunnskap om området, og forsvarar òg avgjerda om å segle.

– Lósane gjekk gjennom ruta med kapteinen før dei la ut på Hustadvika, og slik eg forstår det var det aldri vurdert ikkje å gå. Dette er eit 230 meter langt fartøy som er to år gammalt. Det er bygd som eit havgåande skip, og skal ikkje ha nokon problem med å tole slikt vêr, seier Heggelund.

(©NPK)