Ein av ti unge menn blir utsette for vald eller valdstruslar

9,6 prosent av menn mellom 16 og 24 år i Noreg oppgir at dei vart utsette for vald eller valdstruslar i 2018. For kvinner i same alder er delen 7,4 prosent.
innenriks

Det er ein oppgang frå 2015, då delen var på 6,4 prosent, men stadig ein stor nedgang frå 2007, då heile 17,3 prosent unge menn oppgav at dei hadde vore utsette for dette, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

6,2 prosent av desse mennene vart utsette for vald, medan 5,7 prosent oppgir at dei vart utsette for truslar. Av kvinner i same alder seier 3,1 prosent seier dei vart utsette for vald, medan 5,6 prosent seier dei vart trua.

Sett under eitt oppgav 9 prosent av den vaksne befolkninga at dei i 2018 var offer for tjuveri, skadeverk, vald eller truslar om vald.

Delen som var offer for tjuveri er meir enn halvert etter 2004, men fleire oppgir no at dei har vore utsette for valdstruslar enn i dei to tidlegare undersøkingane, i 2012 og 2015.

Arbeidsplassen vanlegaste valdsarena

36 prosent av valden mot menn skjer ute på offentlege stader, gjerne på nattetid i helgane og med rus i bildet. Stadig meir av valden blir utøvd av gjerningspersonar som ikkje kjenner offeret. For kvinner er dette talet 11 prosent.

Brorparten av valden skjer likevel framleis på arbeidsplass eller lærestad. Dette gjeld 42 prosent av hendingane.

Valdstruslar mot menn skjer oftast ute på offentlege stader, med 39 prosent. Arbeidsplass eller lærestad er åstad for 27 prosent av desse truslane.

Blir trua heime

Også for kvinner er arbeidsplass eller lærestad den klart vanlegaste åstaden for valdshendingar, med 44 prosent.

På andreplass kjem i eller ved eigen eller andres bustad. Dette gjeld 34 prosent av hendingane.

Truslar om vald skjer for kvinnene oftast i eller ved eigen eller andres bustad, med ein del på 39 prosent. Like bak følgjer arbeidsplass eller lærestad, på 38 prosent.

(©NPK)