Folkehøgskuleelev frå Oslo døydde etter dykkarulykke på Karmøy

Ei 20 år gammal kvinne frå Oslo døydde på sjukehus etter dykkarulykka på Blikshavn på Karmøy torsdag.
innenriks

Politiet fekk melding om ulykka like før klokka 15 torsdag ettermiddag.

Iselin Phifer (20) var elev på Karmøy folkehøgskule og dykka saman med fleire andre i Blikshavn på Karmøy då ho fekk problem under dykket og måtte ha hjelp. Etter hjarte- og lungeredning vart ho frakta med Sea King-helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Dykkarulykka skal ha skjedd i samband med undervisning, men kva som gjekk gale under dykket, er førebels ukjent. Pårørande til kvinna er varsla om dødsfallet.

(©NPK)