Kritikk mot ny handlingsplan mot valdtekt

Regjeringa lanserte måndag ein ny handlingsplan mot valdtekt. Krisesentersekretariatet er skuffa over planen og meiner han manglar både tiltak og midlar.
innenriks

– Vi er skuffa over handlingsplanen til regjeringa. Han er full av fine ord, men lite konkrete tiltak og ingen midlar, seier leiar Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet til NTB.

Ho er spesielt kritisk til situasjonen i politidistrikta i landet, som ho meiner fører til at sakene ikkje blir ferdigstilte innan rimeleg tid.

Både etterforskingsleiarar og tillitsvalde har det siste året varsla om manglande bemanning i politidistrikta, noko som fører til lengre behandlingstid for mellom anna valdtektssaker og barnevaldssaker.

Lengre saksbehandlingstid

– Politiets Fellesforbund har tidlegare i år beskrive situasjonen som heilt uhaldbar. Krisesentersekretariatet meiner at den manglande prioriteringa av vald- og overgrepssaker i politiet set liv og helse i fare, seier Smaadahl.

Politidirektoratet og Riksadvokaten har fastsett eit mål om gjennomsnittleg saksbehandlingstid i valdtektssaker på 130 dagar frå melding til påtalevedtak i politiet.

Ifølgje tal frå Politidirektoratet var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida 217 dagar i 2018. Det er ein oppgang frå 198 dagar året før og opp frå 178 i 2016.

Provoserande frå regjeringa

I ein kronikk i VG om handlingsplanen skriv konstituert justis- og innvandringsminister Jon Georg Dale (Frp) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) at regjeringa «har levert et historisk løft av norsk politi».

Smaadahl kallar dette provoserande.

– Handlingsplanen må ikkje bli alibiet til regjeringa for å svikte dei utsette. Det trengst auka ressursar til politiet, det samiske samfunnet treng ein eigen handlingsplan og valdtekt i nære relasjonar må opp på den politiske agendaen, seier leiaren for Krisesentersekretariatet.

Førebygging og ansvarleggjering

Dette er nokre av hovudpunkta i handlingsplanen:

* Gi barn og unge betre kunnskap i skulen om kva overgrep er. Dei skal lære om respekt for eigne og andres grensar. Dette skal inn i den nye læreplanen, som skal fastsetjast hausten 2019.

* Regjeringa vurderer ein samla gjennomgang av kapittelet i straffelova om seksuallovbrot for å sikre at gjerningsskildringar og strafferammer står i eit fornuftig forhold til kvarandre.

* Riksadvokaten skal vie særskild merksemd til saker som gjeld valdtekt.

* Unge menn skal ansvarleggjerast og konsekvensane av å bli politimeld for valdtekt skal gjerast tydeleg.

* Overgrepmottaka skal gjerast betre kjent for publikum. Incestsentera, krisesentera og støttesentera for kriminalutsette skal styrkast, slik at valdtektsutsette får betre oppfølging.

Det er Politidirektoratet som vil få ansvar for å koordinere oppfølginga av planen. Kvart departement har ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige ansvarsområde.

(©NPK)