Nordea hevar rentene

Nordea skjerpar rentene på bustadlån og innskot. Årsaka er konkurransesituasjonen og Noregs Banks auke av styringsrenta, opplyser banken.
innenriks

Renta blir med auka inntil 0,25 prosentpoeng for begge to.

– I lys av Noregs Banks avgjerd om å heve styringsrenta på rentemøtet 21. mars og utviklinga i pengemarknadsrentene, har Nordea vedtatt å justere opp rentene på bustadlån og sparekonto, seier John Sætre, leiar for personmarknaden i Nordea Noreg.

Beste rettleiande bustadlånsrente blir etter justeringa 2,48 prosent. Innskotsrenta blir samtidig auka med inntil 0,25 prosentpoeng.

(©NPK)