Noreg har tatt imot atomavfall frå andre land

Fleire land har etterlate høgaktivt atomavfall i Noreg, utan at det finst avtalar om retur av atombrenselet, skriv Teknisk Ukeblad.
innenriks

Administrerande direktør Nils Morten Huseby i Institutt for energiteknikk (IFE) stadfestar overfor Teknisk Ukeblad at medlemslanda i Haldenprosjektet, inkludert USA, Storbritannia, Japan og Russland har sendt brenselet. Avfallet utgjer til saman 1 tonn.

Brenselet vart testa i Noreg, men har vorte igjen her etter at testane vart gjennomførte. Det er ingen avtalar med leverandørlanda om at avfallet kan returnerast. Det kan føre til at den endelege rekninga for å rydde opp i norsk atomavfall, kan bli endå høgare enn det som så langt har komme fram.

– Vi ser no at kostnadene ved å handtere atomavfallet er store. Ein har eigentleg ikkje prist inn dette elementet før no, seier IFE-direktøren.

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) seier han forventar svar frå regjeringa.

– Stortinget kunne sikkert ha vedtatt at vi skal drive eksperiment med atombrensel, men ikkje under føresetnad av at dette skulle bli igjen i Noreg, seier han.

Allereie i januar vart det kjent at oppryddinga etter Haldenreaktoren, som er lagt ned, blir tre gonger dyrare enn antatt. I statsbudsjettet i år anslår regjeringa at oppryddinga vil koste 15 milliardar over fleire tiår, og viser til ein rapport frå 2016. Regjeringa poengterer likevel at anslaget er mykje usikkert.

(©NPK)