Sjeføkonom: Bustaden din blir mindre verd dei neste åra

Samla sett vil det vere ein realprisnedgang for bustader i Noreg dei neste åra, ifølgje prognosar frå sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse.
innenriks

Oslo og Akershus er dei einaste fylka som kan vente seg realprisoppgang, skriv Dagens Næringsliv.

Frå årsskiftet fram til utgangen av 2022 blir det venta at prisane vil stige 6,5 prosent nominelt i landet og 11,1 prosent i Oslo, ifølgje Benedictow, som måndag skal legge fram prognosane under ein bustadkonferanse i regi av Eiendomsmeglerforbund og Selvaag Bolig.

Sjeføkonomen anslår at den andre prisstigninga vil liggje på 8 prosent.

– Dette inneber at vi framleis ventar ein realprisnedgang på eit par prosent for landet. Vi ventar ikkje at bustadprisane skal stikke av garde dei neste åra, seier Benedictow.

Sjeføkonomen seier at prisveksten vil modererast av avtakande befolkningsvekst, forsiktig renteoppgang, fleire nye bustader og allereie høge bustadprisar.

(©NPK)