Torkil Vederhus blir ny partisekretær for MDG

Valkomiteen i Miljøpartiet Dei Grøne innstiller Torkil Vederhus som ny partisekretær.
innenriks

Noverande partisekretær Lars Gaupset varsla i fjor at han ikkje ønsker attval. Gaupset har vore partisekretær sidan 2014.

Torkil Vederhus sit i sentralstyret i partiet, og var fungerande partisekretær frå september 2018 til januar 2019, då Gaupset var i permisjon.

Vederhus var òg leiar i Oslo MDG då partiet kom inn i byråd første gong, og byrådssekretær for finans i Oslo kommune frå oktober 2015 til september 2018.

– Vi er imponerte over talentet, teften og pågangsmotet hans. Han har gode strategiske evner, er dynamisk og kreativ, og har ei god forståing for administrative og organisatoriske problemstillingar. Sist, men ikkje minst, har det vore viktig for oss at den vi innstilte på skulle ha evne til å lytte og til å skape tillit, seier leiar av valkomiteen Eline Vigre.

(©NPK)