Torskefiske blir forbode langs kysten frå Telemark til svenskegrensa

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk i Sør-Noreg har over tid vorte dårlegare. No blir torskefiske forbode frå Telemark til svenskegrensa.
innenriks

Alt fiske etter torsk blir forbode innanfor grunnlinja frå Telemark til grensa til Sverige. I tillegg blir alt fiske forbode frå og med 1. januar til og med 30. april i 14 definerte område der torsken gyter, frå Lindesnes til svenskegrensa, opplyser Fiskeridepartementet måndag.

– Både faglege råd og føre-var-hensyn tilseier at fangstpresset må reduserast og områda der torsken gyter må vernast, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Forbodet betyr at all bifangst av torsk skal setjast ut igjen.

– Området rundt Oslofjorden er tett busett, og fritidsfiske står for den største delen av fisket etter torsk. Også yrkesfiskarane må bidra med sitt. Situasjonen er krevande og det vil ta tid å bygge opp att bestanden. Viss alle tar eit ansvar har eg stor tru på at desse tiltaka på sikt vil betre tilstanden for kysttorsken, seier fiskeriministeren.

Selkvoten i området blir òg auka med 20 prosent. I praksis betyr dette at jaktkvotane på steinkobbe blir auka til 24 dyr i Østfold, 18 dyr i Vestfold og 12 dyr i Telemark.

– For å få eit mest mogleg heilskapleg vern av kysttorsk, er det vedtatt at kvoten på kystsel skal aukast med 20 prosent for å redusere predatorpresset på kysttorsken, heiter det i pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Reguleringene trer i kraft 15. juni, og departementet varslar at dei vil vurdere effekten av tiltaka etter tre år.

(©NPK)