Viking Sky-reiarlaget beklagar

Reiarlaget Viking Ocean Cruises ber om unnskyldning til gjestene sine. Samtidig hyllar dei mannskapet om bord på cruiseskipet etter ulykka laurdag.
innenriks

I 14-tida laurdag 23. mars sende cruiseskipet Viking Sky ut ei mayday-melding om motorstans på Hustadvika i Fræna kommune i Møre og Romsdal. Det var svært høge bølgjer og vind opp mot liten storm i området. Vêret var så ille at to redningsskøyter som skulle bidra, måtte snu av omsyn til eiga sikkerheit.

Totalt har 27 personar vorte behandla på sjukehus i Molde og Kristiansund etter hendinga. Tilstanden blir måndag omtalt som alvorleg for ein av desse.

I kjølvatnet av hendinga har Viking Sky komme med ei fråsegn, på vegner av Torstein Hagen (76), milliardær-reiaren som eig Viking-reiarlaga. Han beklagar alt gjestene har vore gjennom dei siste dagane.

– Dei siste døgna har vore både dramatiske og hektiske for gjester og mannskap om bord i Viking Sky. Eg vil gjerne få be om unnskyldning for alt gjestene våre har vore gjennom, seier Hagen, og fortset:

– Eg kan heller ikkje seie mange nok gonger kor stor pris eg set på den innsatsen som er gjort av norske redningsmannskap, leidd av Hovudredningssentralen Sør-Noreg, og rette ei takk til folket langs Møre-kysten som har tatt gjestene våre imot med opne armar og omsorg. Eg vil òg få nytte høvet til å rose mannskapet om bord på Viking Sky for den enorme innsatsen deira.

Viking Sky har no byrja ei intern undersøking av hendinga, og målet deira er å etablere ei komplett og heilskapleg forståing av kva som har skjedd. I tillegg vil dei støtte arbeidet til politiet, Sjøfartsdirektoratet og Havarikommisjonen.

(©NPK)