Fullt kaos i SAS-trafikken fredag viss pilotmeklinga ikkje lykkast

Meklinga er i gang for pilotane i SAS i Noreg, Sverige og Danmark. Frå fredag morgon er det duka for flykaos om partane ikkje finn ei løysing.
innenriks

Sjølv om påsketuristane slapp unna ein mogleg streik, kan konsekvensane blir store for reisande neste helg om maskinene som blir flogne av nordiske pilotar, blir ståande.

– Vi håper at vi kjem til ei løysing. Det er for tidleg å seie korleis det eventuelt påverkar trafikken, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.

I Noreg er det varsla streik for omkring 550 pilotar. Til saman er det omtrent 1.500 SAS-pilotar i dei tre landa som kan hamne i ein konflikt som vil påverke store delar av flytrafikken til selskapet.

Strid om vaktlister

Striden står mellom anna om vaktlister og frihelgar.

Ein SAS-pilot veit normalt ikkje når og kor lenge han skal jobbe i neste månaden. Pilotane har jobbfri ei helg i månaden, men kan òg vere på jobb sju helgar på rad. I tillegg har SAS sagt opp to andre sentrale avtalar med pilotane sine. Den eine gjeld føreseieleg karriereutvikling og ansiennitet, og den andre handlar om rollefordeling på ulike vakter.

– Det har vore stor avstand heile vegen. Vi håper at SAS reviderer ståstaden sin med mellom anna dei oppsagde avtalane så vi kan komme til semje før meklingsfristen, seier leiar Jan Levi Skogvang i Norsk Pilot Forbund i Parat.

Lange forhandlingar

Partane sat i forhandlingar lenge, men brotet kom 1. april etter fleire veker med forhandlingar utan semje. Partane møtest hos Riksmeklaren tysdag.

Alle SAS-pilotane er samla under paraplyen SAS Pilot Group, som består av fagforeiningane i Sverige og Danmark og dessutan to fagforeiningar i Noreg, som er LO-foreininga Norsk Flygerforbund og pilotane som er organiserte via Parat.



(©NPK)