Skogbrannar i Rogaland og Agder – evakuering i Sokndal

Det brenn i skogen fleire stader i Rogaland og Vest-Agder. I Sokndal er det set i gang evakuering, og tidlegare er to kvinner henta ut med helikopter.
innenriks

Tysdag kveld vart ei hytte ved Årstatjørn evakuert, og ifølgje Stavanger Aftenblad er hytta truleg allereie brent ned.

Det skal setjast i gang evakuering av hus i Nedre Lauvås, melder politiet.

– Folk blir bedne om å følgje med i media og på nettsida til Sokndal kommune, heiter det.

I samband med brannen er fylkesveg 44 stengd frå Åna-Sira til Åmot bru, fordi det brenn på begge sider av vegen og er mykje røyk i området. Brannen spreier seg vestover i retning Årstad.

– Det blir fortløpande vurdert om det vil bli behov for evakuering av bustadar, opplyser politiet.

Ifølgje VG kan det bli aktuelt å evakuere opptil 60 hus. Eit tjuetals hus i Nedre Lauvås blir evakuerte.

Også i Vest-Agder

Det braut òg ut ein skogbrann ved Åse i Kvinesdal i Vest-Agder. Eit brannhelikopter stasjonert på Torp er sendt til staden, i tillegg til mannskap frå Hægebostad, Eiken og Farsund. Sivilforsvaret er òg varsla.

Ifølgje NRK var det ei stund fare for at brannen skulle ta hytter og hus, men rett før klokka 18 vart det meldt at brannen er under kontroll.

Det brenn òg ved Utland i Lyngdal, og dessutan ved Kvinesheitunnelen i Hægebostad.

– Det blæs kraftig i området, så Agder 110 ber inderleg om at folk ikkje tenner opp bål i skog og utmark, opplyser brannvesenet.

To måtte flygast ut

Hovudredningssentralen Sør-Noreg fekk i 14-tida melding om at to kvinner var sperra inne av flammar i terrenget ved Sokndal. Dei to vart henta ut av luftambulansen frå Stavanger.

– Det vart først opplyst at det var fire personar, men det vart så avklart at det var to. Begge er henta ut uskadde, siger vakthavande redningsleiar Cecilie Øversveen til NTB.

Dei to kvinnene på 45 og 53 år vart sjekka av ambulansepersonell, ifølgje Sørvest politidistrikt.

Eit helikopter flaug tysdag ettermiddag over området for å sjå om det var fleire personar der, men det var ingen indikasjonar på dette.