Bakke-Jensen opnar for at andre enn Forsvaret kan ta kampflyrekninga

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) opnar for at andre enn Forsvaret kan ta rekninga for dei eventuelle ekstrakostnadene knytt til dei nye kampflya.
innenriks

– Viss det blir behov for å bruke nokre kroner i framtida, vel, så må vi løyse det då, i dei budsjetta som vi leverer då. Det er ikkje noko vi sit og jobbar med no, seier Frank Bakke-Jensen til Klassekampen.

Ministeren seier til Bergens Tidende at det ikkje er føresett at kostnadsauken skal dekkast av Forsvaret sjølv.

BT har tidlegare omtalt at innkjøpet av dei 52 nye F35-kampflya blir mykje dyrare enn først antatt. Ifølgje berekningane til avisa kan kostnadane bli 16 milliardar kroner over det såkalla «styringsmålet».

Forsvarsministeren nektar for reknestykket til BT sidan det òg er inkludert prosjekt som ligg utanfor kampfly-programmet. Han innrømmer likevel overfor Klassekampen at kostnadsprognosane ser dårlege ut og seier dei ligg rundt 8 milliardar over styringsmålet, noko som er 2–3 milliardar under kostnadsramma.

Då Stortinget vedtok kampflykjøpet, sette dei av 11 milliardar til ei såkalla usikkerheitsavsetning i tillegg til styringsmålet. Dette utgjer til saman kostnadsramma. Dei vedtok ikkje kvar dei potensielle 11 milliardane i ekstrautgifter skulle takast frå.

I eit skriftleg svar til leiaren av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Anniken Huitfeldt (Ap), skriv Bakke-Jensen at desse pengane kan takast frå andre delar av statsbudsjettet.

(©NPK)