Melby vil endre reglane for å demonstrere framfor Stortinget

Regelverket for kven som skal få demonstrere når og kor på plassen framfor Stortinget, er ikkje godt nok og bør endrast, meiner Venstres Guri Melby.
innenriks

– Eg konkluderer med at denne saka viser at regelverket ikkje er godt nok. Det er for lett å utnytte det, noko som i praksis bidreg til sensur av motstemmer, seier Melby til NTB.

Ho var sjølv vitne til korleis ei ukjend gruppe kalla «Norway-Wenzhou Chamber of Commerce» onsdag fekk demonstrere på Eidsvolls plass framfor Stortinget under den kinesiske partitoppen Li Zhanshus besøk.

Andre måtte flytte

Gruppa hadde søkt om og fått løyve frå Stortinget allereie før besøket vart kunngjort, noko som førte til at Amnesty og andre rettsgrupper vart vist til ein plass lenger unna Stortinget.

– Enten må det inn ei tydelegare presisering av kven som skal få demonstrere, eller så må det bli ein ryddigare prosess der alle kan søke på like vilkår. Eit anna alternativ er å vurdere meir skjønn, seier Melby.

– Samtidig meiner eg at akkurat denne situasjonen òg kunne vore løyst innanfor dagens regelverk, legg ho til.

Trøen: – Inga siling

Også SV reagerer på omstenda rundt demonstrasjonane på onsdag. I eit brev signert av partileiar Audun Lysbakken, ber partiet Stortingets presidentskap diskutere og svare på korleis Stortinget i framtida skal sikre at prosedyrane for demonstrasjonar på Eidsvolls plass ikkje blir utnytta på ein måte som kan verke udemokratisk.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) forklarte onsdag at ein har følgt det regelverket som gjeld, nemleg at den første som søkjer om å få bruke Eidsvolls plass til ei markering, får det. Stortinget gjer inga siling, skjønnsvurdering eller vurdering av politisk bodskap, ifølgje Trøen.

– Viss ein skal ha førstemann-til-mølla-prinsippet, må det vere ein lik sjanse for alle til å søke. Det var det ikkje i dette tilfellet, seier Melby, med tilvising til at den kinesiske gruppa hadde søkt før besøket var kjent.

(©NPK)