Partane i jordbruksoppgjeret tok natta til hjelp

Partane i jordbruksoppgjeret sat i forhandlingar heile natt til torsdag i håp om å få på plass ein avtale før fristen går ut ved midnatt natt til 17. mai.
innenriks

– Partane har forhandla i heile natt. Forhandlingane held fram utover formiddagen, skriv forhandlingsleiaren til staten, Leif Forsell, i ein SMS til NTB torsdag morgon.

– Partane tar sikte på at det skal bli ei avklaring gjennom dagen, legg han til.

Det opphavlege kravet til bøndene hadde ei ramme på 1,92 milliardar kroner, medan tilbodet til staten var på 1 milliard.

Frå bøndene si side er det knytt ekstra spenning til oppgjeret i år, som gjeld inntektsåret 2020, fordi Landbruks- og matdepartementet er overtatt av KrF-nestleiar Olaug Bollestad.

I fjor kravde bøndene 1,8 milliardar, medan oppgjeret til slutt landa på 1,1 milliardar.

I år har bondeorganisasjonane i kravet sitt tydeleg prioritert å løfte kornproduksjonen, styrke strukturen i næringa og satse på frukt, bær og grønt.

(©NPK)