Prinsesse Märtha Louise vurderer ikkje å seie frå seg tittelen

Märtha Louise vurderer ikkje å seie frå seg prinsessetittelen. – Eg er ein del av familien, seier ho i eit intervju med God morgon Noreg på TV 2.
innenriks

Prinsessa og den nye kjærasten hennar Durek Verrett gjorde sitt første intervju saman i God morgon Noreg torsdag morgon. Der fekk ho spørsmål om ho vurderer å seie frå seg prinsessetittelen.

– Det er ikkje noko eg vurderer. Eg er ein del av familien, og det vil halde fram å vere sånn, svarte ho.

Bakteppet for det heile er at avisa Fædrelandsvennen torsdag skreiv på leiarplass at prinsessa bør seie frå seg prinsessetittelen fordi dei meiner den ikkje børa brukast i kommersiell samanheng.

Avisa viser til namnet på foredragsturneen som heiter «The Princess and The Shaman». Paret offentleggjorde forholdet få dagar før turneen skulle starte, og billettsalet har auka betydeleg etter dette, skriv avisa.

Elles stadfesta paret at Verrett har møtt kongen og dronninga. Han vart òg spurd om det er sant, som skrive nokre stader, at han skal ha hevda å vere i stand til å kurere krefttypen leukemi.

– Absolutt ikkje, var svaret frå 44-åringen.

(©NPK)