Større underskot for Posten Noreg

Resultat svekte seg ytterlegare for Posten med ein auke i underskotet på 10 millionar kroner i første kvartal samanlikna med tilsvarande periode i fjor.
innenriks

Resultat før skatt enda på minus 38 millionar for første kvartal 2019 – mot eit underskot på 28 millionar kroner i første kvartal i fjor. Driftsunderskotet auka med 4 millionar kroner i første kvartal i fjor til 25 millionar kroner i år.

Samtidig aukar omsetninga. Posten omsette for 5,9 milliardar kroner i første kvartal 2019, noko som er ein oppgang på 0,7 prosent frå 2018.

Det justerte driftsresultat enda på 106 millionar kroner og er ein framgang på 162 millionar kroner frå fjoråret. Auken kjem først og fremst av vekst og resultatbetring innan logistikk.

– Første kvartal har vore bra på mange måtar. Det er god resultatutvikling, kundane er meir fornøgde og regjeringa har lagt fram forslag til nye rammer for postverksemda, seier konsernsjef i Posten Noreg Tone Wille.

(©NPK)