Statsbygg får rive halve Y-blokka

Plan- og bygningsetaten gir Statsbygg riveløyve for nordre fløy av Y-blokka i regjeringskvartalet.
innenriks

– Vi meiner at Y-blokka med Picasso-utsmykkinga er internasjonalt unik, og klimagassberekningar for bevaring eller riving må gjennomførast, seier etatsdirektør Ellen de Vibe.

Sjølv om regjeringa er tydelege på at dei vil rive heile bygningen, vart søknaden frå Statsbygg berre delvis godkjent.

Plan- og bygningsetaten meiner at Statsbygg må gjennomføre klimagassberekningar før rivesøknaden for den sørlege delen kan behandlast. Fløya av Y-blokka som ikkje blir riven er den delen som er utsmykka med kunst av Picasso.

– Manglande dokumentasjon av klimaberekningar kopla med eigne, høge miljøambisjonar i staten, redusert arealbehov, Oslo kommunes nyleg vedtatte byutviklingsstrategi og dessutan dei høge kulturminneverdiane gjer at vi meiner at staten bør revurdere riveplanane, seier dei Vibe.

Riving av Y-blokka inngår i den statleg vedtatte reguleringsplanen for kvartalet, og Statsbygg sende rivesøknaden til Oslo kommune i desember i fjor. Eitt av argumenta for riving er at regjeringskvartalet ikkje kan byggast over ring 1, som går i tunnel under delar av Y-blokka. Plan- og bygningsetaten meiner kompromisset der berre ein del blir fjerna, bidrar til å ta omsyn til sikkerheita og samtidig behalde Picasso-utsmykkingane.

– Y-blokka har internasjonal anerkjent arkitektur-, kunstnerisk – og kulturminneverdi, som det ligg eit forpliktande ansvar i å ta vare på, seier dei Vibe.

I ei fråsegn oversendt til Plan- og bygningsetaten, påpeika Riksantikvaren at ei eventuell riving av Y-blokka «vil medføre det største kulturminnetapet i Norge etter 1945», skriv Aftenposten. Denne innvendinga vart likevel avvist av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

(©NPK)