Strengare tuberkulose-krav for folk som skal jobbe i Noreg

Regjeringa foreslår å utvide krav om helseundersøking for personar som skal opphalde seg i Noreg. Målet er mellom anna å avdekke tuberkulose.
innenriks

Kravet vil gjelde personar frå risikoland som reiser til Noreg for å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande, innleigde arbeidstakarar, tilsette i helse- og skulesektoren og au pair.

Folkehelseinstituttet vurderer heile tida kva for eit land som har høg førekomst av tuberkulose og som skal vere omfatta av kravet til undersøking. I dag gjeld det 114 land i verda.

– Tuberkulose er utrydda i Noreg, men vi skal ikkje lenger enn til Litauen for å finne land der ein er utsett for smitte, seier helsepolitisk talskvinne i Frp, Åshild Bruun-Gundersen.

Det er personar som kan utgjere ein alvorleg fare for overføring av smittsam sjukdom i arbeidet sitt, særleg for helsepersonell og lærarar eller andre som har nær kontakt med barn, som skal testast.

– Berre blant au pairar har vi hatt 77 tilfelle av smitte mellom 2008 og 2017. Dersom ein utanlandsk vikar i helsesektoren er smitta med multiresistent tuberkulose vil konsekvensane kunne bli katastrofale, seier ho.

Endringane i smittevernlova er til behandling i Stortinget, og vil debatterast den 7. juni.

(©NPK)