Bensin har aldri vore dyrare

Bensinprisane når stadig nye høgder. Onsdag kostar bensin heile 17,52 kroner per liter hos Circle K – den største bensinstasjonskjeda i landet.
innenriks

Det er 10 øre over førre rekord, som var så seint som måndag. Aldri før har ein liter med bensin kosta så mykje i Noreg, melder Nettavisen.

Circle K forklarer auken i bensinprisen med auka innkjøpsprisar for selskapet.

Årsaka er ein stram marknad for bensin i Europa. Etterspørselen er større enn tilbodet, og det pressar opp innkjøpsprisen, seier pressetalsmann Knut Hansen i Circle K i Noreg til Nettavisen.

Han peikar på at fleire raffineri i Europa ikkje har vore i produksjon, at tilgangen på råolje på ein del andre raffineri har ført til mindre produksjon andre stader og at det i USA nærmar seg den såkalla «driving season», noko som fører til auka etterspørsel etter bensin derfrå.

(©NPK)