Demonstrerte for song i skolen

Onsdag demonstrerte mange organisasjonar for songen sin plass i skolen. Dei fryktar negative konsekvensar av at regjeringa foreslår å fjerne song frå dei nye læreplanane i norskfaget, og at songen i 2017 vart fjerna frå den overordna delen av læreplanane.
innenriks

Så mange som 33 organisasjonar har gått saman om eit opprop for å sikre songen sin plass i den norske skolen. Onsdag samla dei seg framfor Stortinget med markeringa «Syng ut for song i skolen».

På Eidsvoll plass song dei kjente songar som "Nå skinner sola i vinduskarmen", "Bamses fødselsdag", "En solskinnsdag", "Grevling i taket", "Forelska i lærer’n", "Tenke sjæl", "Per Spelmann", "Du skal få en dag i mårå", "Ballongvisa", "Den du veit", "Dyrene i Afrika" og "Ja, vi elsker". Med på markeringa var blant andre musikar og artist Maj-Britt Andersen.

Bakgrunnen for oppropet er at regjeringa i 2017 fjerna song frå den overordna delen av læreplanane, og at dei no foreslår å fjerne songen frå den nye læreplanen for norskfaget som skal gjelde frå hausten 2020. Det betyr at det kan bli valfritt for norsklærarar i barneskolen om det skal syngast i klasserommet eller ikkje.

Krev dagleg song og kompetanseløft

I oppropet frå organisasjonen «Krafttak for song» og 32 andre organisasjonar, vil ein styrke songen på fire punkt: Dei krev dagleg song på skolane, eit kompetanseløft i song for lærarane i dag og i framtida og dei vil sikre at song får ein rettmessig plass i alle læreplanar. Dei vil òg generelt styrke dei estetiske faga på skolen, der songen er del av faget.

I oppropet blir det òg lagt vekt på effektar songen har. Songen bidreg til positivt læringsmiljø, til å bygge fellesskap og har positiv effekt på kognitive prosessar som konsentrasjon, minne, motivasjon og språkinnlæring.

Dei vektlegg òg evna song har til å skape eit godt miljø: «Sang kan også brukast førebyggande mot mobbing, styrke empati og psykisk helse og bidra til en naturlig integrering av barn med en annen kulturell og språklig bakgrunn», heiter det i oppropet.

Brei støtte

Tidlegare har fleire kjende musikarar og artistar gått ut og støtta oppropet.

– Songen er eitt av dei viktigaste kulturuttrykka våre og må derfor styrkast og itte blir svekte, detti kæin bidra tel å ta vare på songen som eit viktig fundament for norsk kulturarv og ta vare på songtradisjonane våre, heiter det frå musikar Maj Britt Andersen i ein e-post til NTB.

Ho seier ho sjølv var så heldig å ha ein lærarinne som hadde tru på at teikning var like viktig som rekning, og at dei fekk synge kvar einaste dag.


Statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) i Kunnskapsdepartementet har tidlegare kommentert at å fjerne song frå dei overordna lærarplanane og frå norskfaget ikkje betyr at songen skal ut av skolen.

– Med dei nye læreplanane er song framleis ein del av skolen, i tillegg til at norsklærarane har godt høve til å bruka song som metode, uttalte Remen til NTB.

– Viss songen blir fjerna heilt frå læreplanen i norsk, så fryktar eg at den forsvinn heilt frå norsk skole, uttalte Marit Arnstad (Sp) i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget i mai.




(©NPK)