Dei siste par åra har regjeringa tatt fleire grep for å bidra til ei meir berekraftig utvikling i marknaden for forbrukslån.
I fjor vart det innført strengare reglar for marknadsføring og tidlegare i år ei strengare forskrift om utlånspraksis. Frå 1. juli kjem i tillegg gjeldsregisteret, og allereie no er teikna tydelege på at veksten i forbrukslån minkar.
– Både forbrukslån og kredittkort kan vere nyttig og gi oss den økonomiske fridommen vi treng i enkelte situasjonar. Folk skal framleis ha denne fridommen, seier finansminister Siv Jensen (Frp).
Ho påpeikar at det har vore ei urovekkjande utvikling i marknaden dei siste åra.
– Derfor er det gledeleg at tiltaka vi har sett i verk, ser ut til å verke, slik at vi kan vere på veg mot ein sunnare marknad der kvar enkelt ikkje får meir lån enn vi klarer å betene, seier Jensen.
Veksten i forbrukslån har jamt og trutt gått ned sidan 2016 og ifølgje Finanstilsynets tal er den reelle veksten i første kvartal i år på null prosent.
– Vi har vore i kontakt med fleire av dei store forbrukslånsbankane. Tilbakemeldingane deira indikerer at vi i 2019 vil ha ein negativ vekst i forbrukslånsmarknaden, og at forbruksgjelda til nordmenn vil bli redusert gjennom året. Dei aller fleste rapporterer om forventa nedgang i veksten, medan svært få forventar ein nullvekst gjennom året, seier kommunikasjonsdirektør Jan Erik Fåne i Finans Norge.
(©NPK)