Forsvaret sender 35.000 liter vatn til Askøy

Befolkningen på Askøy får 35.000 liter vatn frå Forsvaret. Rundt 2.000 personar har truleg vorte sjuke som følgje av drikkevatnet i kommunen.
innenriks

Vatnet er frå eit overskotslager frå Nato-øvinga Trident Juncture som vart halden i Noreg i fjor haust, opplyser varaordførar Bjørn Espelid i Askøy, ifølgje VG.

Tysdag vart det stadfesta funn av Campylobacter i drikkevatnet i Askøy i Hordaland. Dette er ein bakterie som kan gi mage- og tarminfeksjon. Over 60 personar har vore innlagde på Haukeland sjukehus dei siste seks dagane, blant dei er 15 barn.

Politiet har no opna etterforsking i kommunen. Ifølgje TV 2 er årsaka mogleg brot på drikkevassforskrifta.

(©NPK)