Lønnsauke på 3,2 prosent for Storting og regjering

Statsministeren får ein lønnsauke på 3,2 prosent i år, tilsvarande drygt 55.000 kroner. Statsråda og stortingsrepresentantane får same prosentvise auke.
innenriks

Forslaget frå Stortingets lønnskommisjon er einstemmig og blir behandla av Stortinget fredag denne veka, ifølgje Nettavisen.

– Som tidlegare år er det lagt vekt på den forventa årslønnsveksten ved årets oppgjer. Kommisjonen har også i år valt å gjere ei regulering som svarer til årets frontfagsoppgjer, tilsvarande 3,2 prosent, heiter det i innstillinga.

Innstillinga inneber at stortingsrepresentantane får ein lønnsauke på 31.534 kroner, til 987.997 kroner. For medlemmer av regjeringa er auken 45.057 kroner, til 1.410.073 kroner.

Statsministeren får ein auke på 55.405 kroner, til 1.735.682 kroner per år. Den same løna har stortingspresidenten.

(©NPK)