Namnet på omkommen basehoppar i Stryn blir frigitt

Politiet har frigitt namnet på den utanlandske basehopparen som døydde i ei ulykke i Stryn fredag. Det var ein 27 år gammal mann frå Sveits som døydde.
innenriks

Markus Florian Jannick Anhorn døydde i basehoppulykka i Oppstrynsvatnet i Stryn fredag. Dei pårørande er varsla, opplyser Vest politidistrikt.

Mannen gjorde basehopp med vingedrakt frå fjellet Marsåhyrna ved Flo i Stryn, men hamna i vatnet under landing.

(©NPK)